1 Då det vart morgon, tok dei eldste i folket og alle overprestane avgjerd om å få Jesus drepen.
2 Dei batt han, førte han bort og gav han over til landshovdingen Pilatus.
3 Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus, angra han og gjekk tilbake til overprestane og dei eldste med dei tretti sølvpengane
4 og sa: «Eg har synda. Eg sveik skuldlaust blod.» Men dei svara: «Kva kjem det oss ved? Det blir di sak.»
5 Då kasta han pengane inn i tempelet og forlét staden. Og han gjekk bort og hengde seg.
6 Men overprestane tok sølvpengane og sa: «Det er ikkje tillate å leggja dei i tempelkista; for det er blodpengar.»