11 Så vart Jesus ført fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus.
12 Men då overprestane og dei eldste kom med skuldingane sine mot han, svara han ikkje.
13 Då sa Pilatus til han: «Høyrer du ikkje alle vitnemåla mot deg?»
14 Men Jesus svara han ikkje på noko av dette, så landshovdingen undra seg mykje.
15 Kvar høgtid var landshovdingen van med å gje ein fange fri, den som folket ville ha.
16 Den gongen hadde dei ein velkjend fange som vart kalla {{Jesus}} Barabbas.
17 Pilatus spurde no folket som hadde samla seg: «Kven vil de at eg skal gje dykk fri, {{Jesus}} Barabbas eller den Jesus som blir kalla Messias?»