24 Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, men at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på, og sa: «Eg har inga skuld i blodet til denne mannen. Dette må de svara for.»
25 Og alt folket svara: «Lat blodet hans koma over oss og borna våre.»
26 Då gav han dei Barabbas fri, men lét Jesus piska og gav han over til krossfesting.
27 Soldatane til landshovdingen tok no Jesus med seg inn i borga og samla heile vaktstyrken omkring han.
28 Dei kledde av han og hengde på han ei skarlaksraud soldatkappe,
29 fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans og gav han ein kjepp i høgre handa. Dei fall på kne for han, spotta han og sa: «Ver helsa, du konge over jødane!»
30 Så spytta dei på han og tok kjeppen og slo han i hovudet.