45 Frå den sjette timen vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen.
46 Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»
47 Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.»
48 Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med vineddik, sette han på ei stong og ville la han få drikka.
49 Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.»
50 Men Jesus ropa på nytt med høg røyst og gav opp anden.
51 Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. Jorda skalv, og berga brast.