47 Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.»
48 Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med vineddik, sette han på ei stong og ville la han få drikka.
49 Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.»
50 Men Jesus ropa på nytt med høg røyst og gav opp anden.
51 Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. Jorda skalv, og berga brast.
52 Gravene opna seg, og kroppane til mange heilage som var avlidne, vart reiste opp frå dei døde.
53 Etter Jesu oppstode gjekk dei ut av gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange.