55 Det var òg mange kvinner der som stod langt unna og såg på. Dei hadde følgt Jesus frå Galilea for å tena han.
56 Mellom dei var Maria Magdalena, Maria som var mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene.
57 Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef. Han var frå Arimatea og hadde òg vorte ein Jesu læresvein.
58 Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp, og Pilatus gav ordre om at han skulle få han.
59 Josef tok Jesu kropp, sveipte han i eit reint linklede
60 og la han i den nye grava han hadde hogge ut til seg sjølv i bergveggen. Så rulla han ein stor stein framfor gravopninga og gjekk.
61 Men Maria Magdalena og den andre Maria var der. Dei sat beint framfor grava.