1 Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava.
2 Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han.
3 Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø.
4 Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde.