13 og sa til dei: «Sei at læresveinane hans kom om natta og stal han medan de sov.
14 Og skulle landshovdingen få høyra om det, skal vi snakka med han, så de kan vera trygge.»
15 Dei tok imot pengane og gjorde slik som det var sagt dei. Slik vart dette ryktet spreidd mellom jødane, og det har halde seg til denne dag.
16 Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt han ville møta dei.
17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila.
18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.
19 Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande