4 Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde.
5 Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste.
6 Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!
7 Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
8 Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane.
9 Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han.
10 Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»