6 Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!
7 Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
8 Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane.
9 Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han.
10 Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»
11 Medan kvinnene var på vegen, kom nokre av vaktmennene inn til byen og fortalde overprestane alt det som hadde hendt.
12 Overprestane og dei eldste kom då saman og la planar. Så gav dei soldatane mykje pengar