1 På den tid steig døyparen Johannes fram og forkynte i øydemarka i Judea.
2 Han sa: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»
3 Det er om han profeten Jesaja talar når han seier: Ei røyst ropar i øydemarka:«Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette!»
4 Johannes hadde ei kappe av kamelhår og lêrbelte om livet, og maten hans var grashopper og villhonning.
5 Folket i Jerusalem og heile Judea og landet langsmed Jordan drog ut til han.
6 Og dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.