4 Johannes hadde ei kappe av kamelhår og lêrbelte om livet, og maten hans var grashopper og villhonning.
5 Folket i Jerusalem og heile Judea og landet langsmed Jordan drog ut til han.
6 Og dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.
7 Men då han såg at mange av farisearane og saddukearane kom for å bli døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma?
8 Ber då frukt som viser at de er omvende!
9 Og tru ikkje at de kan seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane.
10 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.