1 Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han.
2 Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han.
3 Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!»
4 Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»
5 Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren
6 og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om deg.Og: Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten på nokon stein.»