13 Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, ved sjøen, i Sebulons og Naftalis land.
14 Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:
15 Sebulons og Naftalis land, ved vegen til havet, bortanfor Jordan, heidningars Galilea,
16 det folket som bur i mørker, har sett eit stort lys, over dei som bur i dødsskuggens land, har lyset stråla fram.
17 Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»
18 Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som blir kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen, for dei var fiskarar.
19 Han sa til dei: «Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»