20 Med ein gong gjekk dei ifrå garna sine og følgde han.
21 Då Jesus kom lenger fram, fekk han sjå to andre brør: Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten saman med Sebedeus, far sin, og bøtte garna. Jesus kalla dei,
22 og med ein gong gjekk dei bort frå båten og far sin og følgde han.
23 Sidan fór Jesus omkring i heile Galilea; han underviste i synagogane deira, forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage hos folket.
24 Ordet om han spreidde seg over heile Syria, og dei kom til han med alle som hadde vondt og leid av ulike sjukdomar og plager, både dei som hadde vonde ånder, dei månesjuke og dei lamme, og han lækte dei.
25 Ei stor folkemengd følgde han, frå Galilea og Dekapolis, frå Jerusalem og Judea og frå bygdene bortanfor Jordan.