7 Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»
8 Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom
9 og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.»
10 Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.»
11 Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.
12 Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han tilbake til Galilea.
13 Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, ved sjøen, i Sebulons og Naftalis land.