16 Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!
17 Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla.
18 Sanneleg, eg seier dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt.
19 Den som opphevar eit einaste av desse minste boda og lærer menneska såleis, skal reknast som den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre å gjera det, skal reknast som stor i himmelriket.
20 Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda til dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket.
21 De har høyrt det er sagt til forfedrane: ‘Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal vera skuldig for domstolen.’
22 Men eg seier dykk: Den som blir sint på bror sin, skal vera skuldig for domstolen, og den som seier til ein bror: ‘Din tosk!’ skal vera skuldig for Det høge rådet, og den som seier: ‘Din gudlause narr!’ er skuldig til helvetes eld.