2 Då tok han til orde og lærte dei:
3 «Sæle dei som er fattige i ånda,himmelriket er deira.
4 Sæle dei som sørgjer,dei skal bli trøysta.
5 Sæle dei audmjuke,dei skal arva jorda.
6 Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,dei skal bli metta.
7 Sæle dei miskunnsame,dei skal få miskunn.
8 Sæle dei reine i hjartet,dei skal sjå Gud.