32 Men eg seier dykk: Den som skil seg frå kona si av annan grunn enn hor, han valdar at andre bryt ekteskapet med henne. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.
33 De har òg høyrt det er sagt til forfedrane: ‘Du skal ikkje sverja falskt’ og: ‘Du skal gje til Herren det du har lova han med eid’.
34 Men eg seier dykk: De skal ikkje sverja i det heile, verken ved himmelen, for det er Guds kongsstol,
35 eller ved jorda, for det er fotskammelen hans, eller ved Jerusalem, for det er byen til den store kongen.
36 Heller ikkje skal du sverja ved hovudet ditt, for du kan ikkje gjera eit einaste hårstrå kvitt eller svart.
37 Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei! Alt som er meir enn det, er av det vonde.
38 De har høyrt det er sagt: ‘Auge for auge og tann for tann.’