34 Men eg seier dykk: De skal ikkje sverja i det heile, verken ved himmelen, for det er Guds kongsstol,
35 eller ved jorda, for det er fotskammelen hans, eller ved Jerusalem, for det er byen til den store kongen.
36 Heller ikkje skal du sverja ved hovudet ditt, for du kan ikkje gjera eit einaste hårstrå kvitt eller svart.
37 Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei! Alt som er meir enn det, er av det vonde.
38 De har høyrt det er sagt: ‘Auge for auge og tann for tann.’
39 Men eg seier dykk: Set dykk ikkje til motverje mot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til.
40 Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg.