37 Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei! Alt som er meir enn det, er av det vonde.
38 De har høyrt det er sagt: ‘Auge for auge og tann for tann.’
39 Men eg seier dykk: Set dykk ikkje til motverje mot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til.
40 Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg.
41 Tvingar nokon deg til å følgja han éi mil, så gå to med han.
42 Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg.
43 De har høyrt det er sagt: ‘Du skal elska nesten din og hata fienden din.’