11 Gjev oss i dag vårt daglege brød,
12 og tilgjev oss vår skuld,slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
13 Og lat oss ikkje koma i freisting,men frels oss frå det vonde.{{For riket er ditt og makta og æra i all æve.Amen.}}
14 For om de tilgjev menneska misgjerningane deira, så skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk.
15 Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje misgjerningane dykkar.
16 Når de fastar, skal de ikkje gå med dyster mine som hyklarane; dei gjer seg til så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.
17 Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet,