16 Når de fastar, skal de ikkje gå med dyster mine som hyklarane; dei gjer seg til så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.
17 Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet,
18 så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.
19 Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel.
20 Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel.
21 For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.
22 Auget er kroppens lampe. Er auget ditt klårt, er det fordi kroppen er fylt av lys.