18 så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.
19 Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel.
20 Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel.
21 For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.
22 Auget er kroppens lampe. Er auget ditt klårt, er det fordi kroppen er fylt av lys.
23 Men er auget ditt sjukt, er det fordi kroppen er fylt av mørker. Er no lyset i deg mørker, kor djupt blir ikkje mørkret då!
24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.