28 Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje,
29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.
30 Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande!
31 Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’
32 For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.
33 Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.
34 Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.