6 Men når du vil be, gå då inn på rommet ditt og lat att døra og be til Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, skal løna deg.
7 Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord.
8 Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før de bed han om det.
9 Slik skal de be:Vår Far i himmelen!Lat namnet ditt helgast.
10 Lat riket ditt koma.Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
11 Gjev oss i dag vårt daglege brød,
12 og tilgjev oss vår skuld,slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.