14 Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.
15 Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar.
16 På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein plukka druer av klunger eller fiken av tistlar?
17 Eit godt tre ber god frukt, eit dårleg tre ber dårleg frukt.
18 Eit godt tre kan ikkje bera dårleg frukt, og eit dårleg tre kan ikkje bera god frukt.
19 Kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.
20 Difor skal de kjenna dei på fruktene.