2 Etter dommen de dømmer med, skal de sjølve dømmast, og i det same målet de sjølve måler med, skal det målast opp til dykk.
3 Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje?
4 Eller korleis kan du seia til bror din: ‘Lat meg ta flisa ut av auget ditt’ når det er ein bjelke i ditt eige?
5 Din hyklar! Ta først bjelken ut av ditt eige auge! Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.
6 Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perler til svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.
7 Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.
8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.