25 Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.
26 Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand.
27 Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.»
28 Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans.
29 For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.