16 Då det vart kveld, kom dei til han med mange som hadde vonde ånder. Han dreiv ut åndene med eit ord og lækte alle som var sjuke.
17 Slik skulle det oppfyllast, det ordet som er tala gjennom profeten Jesaja: Han tok bort våre plager og bar våre sjukdomar.
18 Då Jesus såg så mykje folk omkring seg, gav han bod om å fara over til andre sida av sjøen.
19 Ein skriftlærd kom til han og sa: «Meister, eg vil følgja deg kvar du så går.»
20 Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet på.»
21 Ein annan, ein av læresveinane, sa til han: «Herre, lat meg først få gå heim og gravleggja far min.»
22 Men Jesus svara: «Følg du meg, og lat dei døde gravleggja sine døde.»