17 Slik skulle det oppfyllast, det ordet som er tala gjennom profeten Jesaja: Han tok bort våre plager og bar våre sjukdomar.
18 Då Jesus såg så mykje folk omkring seg, gav han bod om å fara over til andre sida av sjøen.
19 Ein skriftlærd kom til han og sa: «Meister, eg vil følgja deg kvar du så går.»
20 Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet på.»
21 Ein annan, ein av læresveinane, sa til han: «Herre, lat meg først få gå heim og gravleggja far min.»
22 Men Jesus svara: «Følg du meg, og lat dei døde gravleggja sine døde.»
23 Han gjekk ut i båten, og læresveinane følgde han.