2 No kom det ein mann som var spedalsk, kasta seg ned for han og sa: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.»
3 Jesus rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» Og med det same vart han reinsa for sjukdomen sin.
4 Då sa Jesus til han: «Sei ikkje dette til nokon, men gå og vis deg for presten og ber fram det offeret som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»
5 Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp:
6 «Herre», sa han, «tenesteguten min ligg lam heime og har svære plager.»
7 Jesus sa: «Eg skal koma og lækja han.»
8 «Herre», svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt.