22 Men Jesus svara: «Følg du meg, og lat dei døde gravleggja sine døde.»
23 Han gjekk ut i båten, og læresveinane følgde han.
24 Og sjå, det bles opp til storm på sjøen, og bølgjene slo over båten. Men Jesus sov.
25 Då gjekk dei bort og vekte han og sa: «Herre, frels oss! Vi går under!»
26 Han svara: «Kvifor er de så redde – de lite truande!» Så reiste han seg og truga vindane og sjøen, og det vart blikande stilt.
27 Mennene undra seg og sa: «Kva er dette for ein? Både vind og sjø lyder han!»
28 Då Jesus kom over på andre sida, til Gadarenar-landet, kom to som hadde vonde ånder, mot han ut frå gravhòlene. Dei var så ville at ingen kunne koma fram den vegen.