24 Og sjå, det bles opp til storm på sjøen, og bølgjene slo over båten. Men Jesus sov.
25 Då gjekk dei bort og vekte han og sa: «Herre, frels oss! Vi går under!»
26 Han svara: «Kvifor er de så redde – de lite truande!» Så reiste han seg og truga vindane og sjøen, og det vart blikande stilt.
27 Mennene undra seg og sa: «Kva er dette for ein? Både vind og sjø lyder han!»
28 Då Jesus kom over på andre sida, til Gadarenar-landet, kom to som hadde vonde ånder, mot han ut frå gravhòlene. Dei var så ville at ingen kunne koma fram den vegen.
29 Dei sette i å ropa: «Kva vil du oss, du Guds Son? Er du komen hit for å pina oss før tida?»
30 Eit godt stykke derifrå gjekk det ein stor griseflokk og beitte.