26 Han svara: «Kvifor er de så redde – de lite truande!» Så reiste han seg og truga vindane og sjøen, og det vart blikande stilt.
27 Mennene undra seg og sa: «Kva er dette for ein? Både vind og sjø lyder han!»
28 Då Jesus kom over på andre sida, til Gadarenar-landet, kom to som hadde vonde ånder, mot han ut frå gravhòlene. Dei var så ville at ingen kunne koma fram den vegen.
29 Dei sette i å ropa: «Kva vil du oss, du Guds Son? Er du komen hit for å pina oss før tida?»
30 Eit godt stykke derifrå gjekk det ein stor griseflokk og beitte.
31 Og dei vonde åndene bad han: «Om du driv oss ut, så send oss inn i griseflokken.»
32 «Far av stad!» sa Jesus. Og dei fór ut or mennene og inn i grisene. Då sette heile flokken utfor eit stup og ned i sjøen, og der drukna dei.