8 «Herre», svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt.
9 For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til éin: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til tenaren min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.»
10 Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som følgde han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru.
11 Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket.
12 Men borna av riket skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»
13 Og Jesus sa til offiseren: «Gå! Det skal skje, slik du trudde.» Og tenesteguten vart frisk i same stunda.
14 Då Jesus kom heim til Peter, fekk han sjå at svigermor hans låg og hadde feber.