18 Medan han tala til dei om dette, kom ein forstandar og fall på kne for han og sa: «Dotter mi er nettopp død, men kom og legg handa di på henne, så får ho leva.»
19 Då reiste Jesus seg og gjekk med han, og læresveinane følgde.
20 No var det ei kvinne der som hadde lide av blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans.
21 For ho tenkte: «Kan eg berre få røra ved kappa hans, så blir eg frisk.»
22 Jesus snudde seg, og då han såg henne, sa han: «Ver ved godt mot, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart frisk i same stunda.
23 Då Jesus kom heim til forstandaren og fekk sjå fløytespelarane og den ståkande flokken, sa han:
24 «Gå ut! Jenta er ikkje død, ho søv.» Dei berre lo av han.