2 Der kom dei til han med ein mann som var lam og låg på ei båre. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Ver ved godt mot, son. Syndene dine er tilgjevne.»
3 Men nokre av dei skriftlærde sa med seg sjølve: «Denne mannen spottar Gud.»
4 Jesus såg kva dei tenkte, og sa: «Kvifor går de med så vonde tankar i hjartet?
5 Kva er lettast å seia: ‘Syndene dine er tilgjevne’ eller: ‘Stå opp og gå’?
6 Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no seier han til den lamme: «Stå opp, ta båra di og gå heim!»
7 Då reiste mannen seg og gjekk heim.
8 Men då folket såg det, vart dei gripne av ærefrykt og lova Gud som hadde gjeve menneske slik makt.