24 «Gå ut! Jenta er ikkje død, ho søv.» Dei berre lo av han.
25 Så snart alle var sende ut, gjekk han inn og tok jenta i handa, og ho reiste seg opp.
26 Ordet om dette spreidde seg over heile landsdelen der.
27 Då Jesus gjekk derifrå, følgde to blinde etter han og ropa: «Miskunna deg over oss, du Davids son!»
28 Og då han var komen i hus, gjekk dei blinde inn til han. «Trur de at eg kan gjera dette?» spurde Jesus. «Ja, Herre», svara dei.
29 Då rørte han ved auga deira og sa: «Det skal bli som de trur.»
30 Og med ein gong vart auga deira opna. Jesus tala strengt til dei og sa: «Sjå til at ingen får vita det.»