31 Men dei gjekk ut og fortalde om han i heile området der.
32 Medan dei var på veg ut, kom det nokre til han med ein mann som var stum og hadde ei vond ånd.
33 Då den vonde ånda var driven ut, kunne den stumme tala. Folket undra seg og sa: «Aldri har slikt vore sett i Israel!»
34 Men farisearane sa: «Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»
35 Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage.
36 Og då han såg alt folket, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar.
37 Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få.