9 Derifrå gjekk Jesus vidare og fekk sjå ein mann som sat på tollbua. Han heitte Matteus. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då reiste han seg og følgde han.
10 Sidan var Jesus gjest i huset hans. Det kom òg mange tollarar og syndarar og var saman med Jesus og læresveinane hans til bords.
11 Farisearane såg det og sa til læresveinane: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollarar og syndarar?»
12 Då Jesus høyrde det, sa han: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei sjuke.
13 Gå og lær kva som ligg i dette ordet: Det er miskunn eg vil ha, ikkje offer.Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»
14 Då kom læresveinane åt Johannes til han og sa: «Kvifor fastar ikkje læresveinane dine, medan vi og farisearane fastar ofte?»
15 «Kan bryllaupsgjestene sørgja så lenge brudgomen er hos dei?» svara Jesus. «Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og då skal dei fasta!