1 Då kong David var gamal og langt oppi åra, greidde han ikkje halda seg varm lenger, jamvel om dei breidde teppe på han.
2 Difor sa mennene hans til han: «Lat dei finna ei ung jente til deg, herre konge, ei møy som kan stå til teneste og stella om deg. Når ho ligg i armane dine, vert du nok varm, herre konge.»
3 Så leita dei i heile Israels-landet etter ei ven jente; og då dei fann Abisjag frå Sjunem, kom dei til kongen med henne.
4 Det var ei ovven jente, og ho stelte om kongen og tente han. Men han låg ikkje med henne.