1 Ei tid etter hende dette: Nabot, ein mann i Jisre’el, hadde ein vingard. Han låg innmed eit slott som høyrde Akab, kongen i Samaria, til.
2 Akab tala med Nabot og sa: «Lat meg få vingarden din! Eg vil ha han til grønsakhage, for han ligg så nær huset mitt. Eg skal gje deg ein betre vingard i staden, eller eg skal, om du så vil, gje deg det han er verd i pengar.»
3 Men Nabot svara: «Herren fri meg frå å gje deg fedrearven min!»
4 Så gjekk Akab heim, mismodig og harm fordi Nabot frå Jisre’el hadde svara han så og sagt: «Eg gjev deg ikkje fedrearven min.» Han kasta seg på senga, vende andletet mot veggen og ville ikkje eta.
5 Då kom Jesabel, kona hans, inn og spurde: «Kvifor er du så sturen og smakar ikkje mat?»
6 Han svara: «Eg tala med Nabot frå Jisre’el og bad han selja meg vingarden sin for pengar, eller om han så ville, byta med meg i ein annan vingard. Men han svara: Eg vil ikkje selja deg vingarden min.»
7 Då sa Jesabel, kona hans, til han: «No får du visa at det er du som er konge i Israel! Stå opp, få deg mat og ver ved godt mot! Eg skal syta for at du får vingarden åt Nabot frå Jisre’el.»
8 Så skreiv Jesabel eit brev i Akabs namn, sette seglet hans på og sende det til dei eldste og stormennene som budde i same byen som Nabot.
9 I brevet skreiv ho: «Lys ut ei faste, og lag det så at Nabot får sitja øvst mellom folket!
10 Set to ringe karar midt for han, så dei kan vitna mot han og seia: Du har banna Gud og kongen. Før han så ut og stein han i hel!»
11 Dei eldste og stormennene i Jisre’el gjorde det Jesabel hadde sendt bod til dei om, så som det stod i brevet ho hadde sendt dei.
12 Dei lyste ut ei faste og laga det så at Nabot fekk sitja øvst mellom folket.
13 Då kom dei to skarvane og sette seg midt for han. Dei vitna mot han så folket høyrde det, og sa: «Nabot har banna Gud og kongen.» Og dei førte han ut or byen og steina han.
14 Så sende dei bod til Jesabel og sa: «Nabot har vorte steina. Han er død.»
15 Med det same Jesabel fekk høyra at Nabot hadde vorte steina, sa ho til Akab: «Stå opp og ta vingarden til Nabot frå Jisre’el i eige, den som han ikkje ville selja deg for pengar! For Nabot lever ikkje lenger; han er død.»
16 Då Akab høyrde at Nabot var død, stod han opp og fór ned til vingarden og ville ta han i eige.
17 Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe, og det lydde så:
18 «Stå opp, gå ned og møt Akab, Israels-kongen, som bur i Samaria! No er han i vingarden åt Nabot; han er faren dit og vil ta han i eige.
19 Såleis skal du tala til han: Så seier Herren: Fyrst har du myrda, og så vil du ha tak i eigedomen! Deretter skal du seia: Så seier Herren: På den staden der hundane sleikte blodet åt Nabot, skal dei sleikja ditt blod òg.»
20 Akab sa til Elia: «Har du funne meg no, uvenen min?» Han svara: «Ja, eg har funne deg. Fordi du har selt deg til å gjera det som vondt er i Herrens augo,
21 vil eg føra ulukke over deg. Eg vil sopa etter deg og rydja ut alle mannfolk i Akabs-ætta, i Israel, både store og små.
22 Eg vil gjera med di ætt som eg gjorde med ætta åt Jeroboam Nebatsson og med ætta åt Basja Akiason. For du har harma meg og fått Israel til å synda.
23 Og om Jesabel har Herren sagt: Hundane skal eta opp Jesabel på Jisre’el-vollen.
24 Den av Akabs-ætta som døyr i byen, skal hundane eta opp; og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp.»
25 Aldri har det vore ein slik konge som Akab. Han selde seg til å gjera det som vondt var i Herrens augo, fordi Jesabel, kona hans, lokka han til det.
26 Aller verst bar han seg åt då han gav seg til å fylgja avgudane, heilt og fullt som amorittane hadde gjort, dei som Herren dreiv bort for israelittane.
27 Då Akab høyrde dette, reiv han sund kleda sine, batt strieplagg om kroppen og fasta. Og han sov i strieplagga og gjekk stilt ikring.
28 Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe, og det lydde så:
29 «Har du sett kor liten og mjuk Akab har gjort seg for meg? Fordi han har gjort seg så mjuk, vil eg ikkje la ulukka koma i hans tid. Men medan son hans lever, vil eg la ulukka koma over ætta hans.»