1. Kongebok 22 N78NN

Akab og profeten Mika Jimlason

1 No heldt aramearane og israelittane seg i ro i tre år; det var ingen ufred mellom dei.

2 Men tredje året fór Josjafat, kongen i Juda, ned til kongen i Israel.

3 Då sa Israels-kongen til mennene sine: «Veit de ikkje at Ramot i Gilead høyrer oss til? Og så sit vi i ro og tek ikkje byen frå aramearkongen!»

4 Og til Josjafat sa han: «Vil du vera med meg på ei hærferd mot Ramot i Gilead?» Josjafat svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»

5 Men sidan sa Josjafat: «Spør fyrst Herren til råds!»

6 Då kalla Israels-kongen saman profetane, om lag fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far du! Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

7 Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?»

8 Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han; for han spår meg aldri noko godt, berre vondt. Det er Mika Jimlason.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»

9 Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skunda deg og henta Mika Jimlason!»

10 Imedan sat Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjevoll utmed byporten i Samaria, og alle profetane stod framføre dei og sa fram spådomane sine.

11 Då laga Sidkia, son til Kena’ana, seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.»

12 Og alle dei andre profetane spådde like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

13 Sendebodet som hadde gått av stad og skulle henta Mika, sa til han: «Dei andre profetane spår alle som ein at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira, og spå godt, du òg!»

14 Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det Herren seier til meg, det må eg tala.»

15 Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far du, så skal du ha lukka med deg! Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

16 Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»

17 Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreitt utover fjella som ein saueflokk utan gjætar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»

18 Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa deg: Han spår meg aldri noko godt, berre vondt?»

19 Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod ikring han, somme på høgre og somme på venstre sida.

20 Då spurde Herren: «Kven vil dåra Akab, så han gjer ei hærferd til Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.

21 Då gjekk ånda fram, stod for Herrens åsyn og sa: «Eg skal dåra han.» «Korleis?» spurde Herren.

22 Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei lygnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du kan få dåra han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»

23 Så har då Herren lagt ei lygnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Men han har varsla ulukke for deg.

24 Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og gav Mika eit slag på kinnet og sa: «Korleis har Herrens Ande fare over frå meg for å tala til deg?»

25 Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom til rom og leita etter ein stad der du kan gøyma deg.»

26 Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til byhovdingen Amon og kongssonen Joasj

27 og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel, og lat han leva på vatn og brød til eg kjem uskadd heim att!»

28 Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til : «Høyr dette, alle folkeslag!»

Akab fell

29 Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.

30 Og Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg den vanlege kledebunaden din.» Så kledde Israels-kongen seg ut og gjekk i striden.

31 No hadde aramearkongen sagt frå til dei trettito hovdingane for stridsvognene sine: «De skal ikkje ta på nokon, anten dei er små eller store, anna enn på Israels-kongen.»

32 Då hovdingane for stridsvognene fekk auga på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så snudde dei seg dit og ville strida mot han. Då sette Josjafat i eit høgt rop.

33 Og straks vognhovdingane såg at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg bort frå han.

34 Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjestakken og brynja. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg ut or slaget! Eg er såra.»

35 Striden vart hardare og hardare den dagen, og dei heldt kongen oppreist i vogna, så han kunne fylgja striden mot aramearane. Blodet rann frå såret ned i vogna, og då kvelden kom, døydde han.

36 Ved soleglad gjekk det eit rop gjennom leiren: «Kvar mann heim til sin by og sitt land!»

37 Såleis døydde kongen, og dei førte han til Samaria og gravla han.

38 Og då dei skylde vogna ved Samaria-dammen, sleikte hundane blodet hans, medan skjøkjene lauga seg der. Det gjekk som Herren hadde sagt.

39 Det som elles er å seia om Akab og alt det han gjorde, om elfenbeinshuset han reiste, og alle byane han bygde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

40 Så gjekk Akab til kvile hjå fedrane sine, og Akasja, son hans, vart konge etter han.

Kong Josjafat i Juda

41 Då Akab hadde vore konge i Israel i fire år, vart Josjafat, son til Asa, konge i Juda.

42 Han var trettifem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilki.

43 Josjafat fylgde i eitt og alt den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens augo.

44 Likevel vart ikkje offerhaugane nedlagde; folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane.

45 Josjafat levde i fred med kongen i Israel.

46 Det som elles er å seia om Josjafat og dei storverk han gjorde, og krigane han førte, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

47 Resten av dei som dreiv tempelutukt og som var att frå den tid Asa, far hans, levde, jaga han ut or landet.

48 Den gongen var det ingen konge i Edom. Ein statthaldar stod for styret der.

49 Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle gå til Ofir etter gull. Men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.

50 Den gongen sa Akasja, son åt Akab, til Josjafat: «Lat mine folk fara saman med dine på skipa!» Men det ville ikkje Josjafat.

51 Så gjekk Josjafat til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i fedregrava i byen åt David, far sin, og Joram, son hans, vart konge etter han.

Kong Akasja i Israel

52 Då Josjafat hadde vore konge i Juda i sytten år, vart Akasja, son til Akab, konge over Israel i Samaria. Han styrte i Israel i to år.

53 Akasja gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han fylgde den same vegen som far hans og mor hans hadde fylgt, og som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt, han som fekk Israel til å synda.

54 Han dyrka Ba’al og kasta seg ned for han og harma Herren, Israels Gud, heilt og fullt som far hans hadde gjort.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22