1 På den tid vart Abia, son til Jeroboam, sjuk.
2 Då sa Jeroboam til kona si: «Ta og kled deg ut, så ingen kan sjå at du er kona mi. Gå så til Sjilo, der profeten Akia bur, han som spådde at eg skulle verta konge over dette folket.
3 Ta med deg ti brød, nokre kaker og ei krukke med honning og gå til han; så seier han deg nok korleis det skal gå med guten.»
4 Kona gjorde som han bad. Ho ferda seg til og fór til Sjilo og kom til huset åt Akia. Akia kunne ikkje sjå; han var stiv i blikket fordi han var så gamal.
5 Men Herren hadde sagt til han: «No kjem kona åt Jeroboam og vil spørja deg til råds om son sin; for han er sjuk. Så og så skal du svara henne. Men når ho kjem, læst ho vera ei anna.»
6 Då Akia høyrde lyden av fotstega hennar i døra, sa han: «Kom inn, du kona åt Jeroboam! Kvifor læst du vera ei anna? Eg har fått så tung ein bodskap til deg.
7 Gå og sei til Jeroboam: Så seier Herren, Israels Gud: Eg lyfte deg ut or folket og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt.
8 Eg reiv riket frå Davidsætta og gav det til deg. Men du har ikkje vore som David, tenaren min. Han heldt boda mine og fylgde meg av heile sitt hjarta, så han berre gjorde det som rett var i mine augo.
9 Men du har bore deg verre åt enn alle dei som var før deg. Du har gått bort og laga deg andre gudar, støypte gudebilete. Såleis har du harma meg, og du har vendt meg ryggen.
10 Difor vil eg føra ulukke over Jeroboams hus og rydja ut alle mannfolk i ætta hans i Israel, både store og små. Og eg vil sopa etter Jeroboams ætt, som når ein sopar bort bos, til det ikkje finst eit grann att.
11 Den av Jeroboams-ætta som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp. Herren har tala.
12 No skal du gå heim att. Med det same du set foten din i byen, døyr barnet.
13 Heile Israel skal halda syrgjehøgtid over guten og fylgja han til grava. For han var den einaste i Jeroboams ætt som Herren, Israels Gud, fann noko godt hjå.
14 Men Herren vil reisa opp ein konge over Israel som skal rydja ut Jeroboams ætt. No er dagen komen
15 då Herren skal slå israelittane, så dei vert liksom sevet som svagar hit og dit i vatnet. Han skal rykkja dei opp or dette gode landet som han gav fedrane deira, og spreia dei bortanfor Eufrat, fordi dei har laga seg Asjera-pålar og harma Herren.
16 Han skal gje Israel i fiendevald for dei syndene skuld som Jeroboam har gjort og fått Israel til å gjera.»
17 Då tok kona til Jeroboam ut og fór heim att til Tirsa. Med det same ho sette foten på dørstokken i huset, døydde guten.
18 Heile Israel fylgde han til grava og heldt syrgjehøgtid over han. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom profeten Akia, tenaren sin.
19 Det som elles er å seia om Jeroboam, om krigane han førte, og korleis han styrte, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
20 Jeroboam styrte i tjueto år. Så gjekk han til kvile hjå fedrane sine, og Nadab, son hans, vart konge etter han.
21 I Juda rådde Rehabeam, son til Salomo. Han var førtiein år gamal då han vart konge, og han styrte i sytten år i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut i alle Israels-ættene og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Na’ama og var frå Ammon.
22 Folket i Juda gjorde det som vondt var i Herrens augo. Med syndene sine eggja dei han til harme endå meir enn fedrane deira hadde gjort.
23 Dei bygde seg offerhaugar og reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart grønt tre.
24 Det fanst jamvel folk i landet som dreiv tempelutukt. Dei tok etter all den styggedomen som gjekk føre seg hjå dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.
25 Så hende det i det femte styringsåret åt Rehabeam at Sjisjak, kongen i Egypt, gjorde ei hærferd mot Jerusalem.
26 Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongsgarden. Like eins tok han alle gullskjolda som Salomo hadde fått laga.
27 I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette hovdingane over livvakta som heldt vakt i slottsporten, til å ta vare på dei.
28 Kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar vaktene desse skjolda og tok dei så med seg attende til vaktromet.
29 Det som elles er å seia om Rehabeam og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
30 Mellom Rehabeam og Jeroboam var det ufred heile tida.
31 Så gjekk Rehabeam til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen. Mor hans heitte Na’ama og var frå Ammon. Abia, son hans, vart konge etter han.