14 Og så, medan du enno står der og talar med kongen, skal eg koma inn og stadfesta det du seier.»
15 Då gjekk Batseba inn i soveromet til kongen. Han var svært gamal no, og Abisjag frå Sjunem stelte for han.
16 Batseba la seg på kne og bøygde seg for kongen, og han spurde: «Kva er det du vil?»
17 Ho svara: «Herre, du har svore ved Herren din Gud og lova tenestkvinna di at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja på kongsstolen din.
18 Men no har Adonja vorte konge, og du, herre konge, veit ikkje om det.
19 Han har slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengd og bede til seg alle kongssønene, presten Abjatar og hærføraren Joab. Men Salomo, tenaren din, har han ikkje bede.
20 No vender heile Israel augo sine mot deg, herre konge, og ventar at du skal kunngjera for dei kven som skal sitja på kongsstolen etter deg, herre konge.