18 Men no har Adonja vorte konge, og du, herre konge, veit ikkje om det.
19 Han har slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengd og bede til seg alle kongssønene, presten Abjatar og hærføraren Joab. Men Salomo, tenaren din, har han ikkje bede.
20 No vender heile Israel augo sine mot deg, herre konge, og ventar at du skal kunngjera for dei kven som skal sitja på kongsstolen etter deg, herre konge.
21 Elles kjem skulda til å kvila på meg og Salomo, son min, når du, herre konge, kviler hjå fedrane dine.»
22 Medan ho endå tala med kongen, kom profeten Natan,
23 og dei gjekk til kongen og sa at profeten Natan var der. Så steig han fram for kongen og kasta seg ned for han med andletet mot jorda.
24 «Herre konge,» sa Natan, «har du sagt at Adonja skal vera konge etter deg og sitja på kongsstolen din?