26 Men meg, tenaren din, har han ikkje bede og heller ikkje presten Sadok eller Benaja Jojadason eller Salomo, tenaren din.
27 Kan dette vera kome frå deg, herre konge, utan at du har late tenarane dine få vita kven som skal sitja på kongsstolen etter deg?»
28 Då tok kong David til ords og sa: «Kall Batseba hit til meg!» Ho kom fram for kongen og vart ståande der.
29 Kongen svor og sa: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud:
30 Det eg før har svore ved Herren, Israels Gud, og lova deg, at Salomo, son din, skal verta konge etter meg og sitja på kongsstolen i min stad, det set eg i verk i denne dag.»
31 Då la Batseba seg på kne for kongen, bøygde seg til jorda og sa: «Gjev herren min, kong David, må leva evig!»
32 Så sa kong David: «Kall presten Sadok, profeten Natan og Benaja Jojadason hit til meg!» Då dei kom fram for kongen,