28 Då tok kong David til ords og sa: «Kall Batseba hit til meg!» Ho kom fram for kongen og vart ståande der.
29 Kongen svor og sa: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud:
30 Det eg før har svore ved Herren, Israels Gud, og lova deg, at Salomo, son din, skal verta konge etter meg og sitja på kongsstolen i min stad, det set eg i verk i denne dag.»
31 Då la Batseba seg på kne for kongen, bøygde seg til jorda og sa: «Gjev herren min, kong David, må leva evig!»
32 Så sa kong David: «Kall presten Sadok, profeten Natan og Benaja Jojadason hit til meg!» Då dei kom fram for kongen,
33 sa han til dei: «Ta med dykk kongsmennene! Lat Salomo, son min, ri på mitt eige muldyr og før han ned til Gihon-kjelda!
34 Der skal presten Sadok og profeten Natan salva han til konge over Israel. Og de skal blåsa i horn og ropa: Leve kong Salomo!