33 sa han til dei: «Ta med dykk kongsmennene! Lat Salomo, son min, ri på mitt eige muldyr og før han ned til Gihon-kjelda!
34 Der skal presten Sadok og profeten Natan salva han til konge over Israel. Og de skal blåsa i horn og ropa: Leve kong Salomo!
35 Så skal de fylgja han opp att. Og når han kjem hit, skal han setja seg på kongsstolen min og vera konge i min stad; for det er han eg har etla til fyrste over Israel og Juda.»
36 Då tok Benaja Jojadason til ords og sa til kongen: «Ja, så skal det vera! Gjev Herren din Gud må stadfesta det du seier, herre konge!
37 Gjev Herren må vera med Salomo som han har vore med deg, og gjera hans kongsstol endå større enn din, herre konge.»
38 Så gjekk dei ned, presten Sadok, profeten Natan, Benaja Jojadason og livvakta. Dei lét Salomo ri på muldyret åt kong David og førte han ned til Gihon-kjelda.
39 Presten Sadok hadde teke med seg oljehornet frå Herrens telt, og no salva han Salomo. Dei bles i horn, og alt folket ropa: «Leve kong Salomo!»